Sider

søndag 26. januar 2014

Våpenkvile


Orda og bileta
som kjem opp
frå det inste
er ofte
uforståelege
og annleis
sindkradit
strudelitre
lilla hus
blå sauer

Og så er det
det namnlause
i midten
brannraudt
stygt og
vondt.

I dag malte
eg eit bilete
av det som
kom opp.

Eg let fingrane
gå av seg sjølv
og tenkte på
ingen ting.

Det var godt
og frigjerande.
Det inste i meg
sjølv møter
meg sjølv
i fargane
dei mørke og
dei ljose.

Kanskje kan eg
og det inste
forstå kvarandre
betre og
leva med
kvarandre
utan det
skræmelege
der inne. 

(ABM 26.01.2014)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar