Mørkt og kaldt i skumringen.
Snøen lyser mellom trea
på
vegen heim over åsen
og
nedover lia.
Langt til våren
og lyse kvelden.
Langt til deg
du min gode ven.
-Sjå alltid
ljoset over fjell.
Det rustar opp til å tola
mørke
og seine kveld.
Difor
stoggar eg opp
på
min veg.
Ljoset
bak fjella
er
svak men tydeleg.
(ABM 28.01.2014)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar