Sider

onsdag 29. januar 2014

Å finna gleder i livet



Eg har tre gleder.
Rosene faldar seg ut.
Oppover liene og
innover fjella.
Tidleg morgon i båten
på fjorden.

Om hausten sit eg
i hagen
og rosene spring ut
rosa, kvite, raude
og djupraude.

Om vinteren går eg
på stiar med små steg
oppover og nedover
over myrane opp liene
og innover fjellet.

Om våren og sommaren
ligg eg med båten
på fjorden
grytidleg morgon
eg les, fiskar
eller gjer ingenting
sola stig fram og
varmar meg.

I den fjerde gleda
er eg frisk nok
spenner skiene på
og strekkjer ut
oppover liene
over myrane
og ned bakkane.

Uimotståeleg.
Den største gleda

Då har eg fire gleder. 
(ABM  29.01.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar