Sider

tirsdag 14. januar 2014

Den runde steinen


Dei runde fine
steinane
slipt av vatn
i tusen på
tusen år.
Gode å ta i og
fine å sjå på

Slik er det med
oss alle
me blir slipt
og slipt
rullar mellom
dei andre
til dess me alle
er glatte og
omtrent like.

Eg lurer av og til på
om det er
viktige ting som
vart slipt av
på vegen
eller om det er
ting som
burde vorte
slipt av på vegen
gjennom dei
hundre år
tusen år
mange tusen år.


(ABM 14.01.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar