I
alle tider
bad
dei om
godt
år og
fred
og ro
når
sola snur
Når
dagane blir
lysare
og
når
det stundar
mot
vår
Dei
bad og
ynskte
når
tidene var
vonde
og vanskelege
når
pest og krig
og
svolten banka på.
Då
prøvde dei den øvste:
Hjelp
oss når me
svelt,
er tørste og
lir
vondt.
Men
bombene og
granatane
er
alle stader
og
dei veit
ikkje
si arme råd.
Likevel
når
sola snur
ber
me om godt år
og
fred og ro
standhaftig
og
stødig.
Det
ordnar seg nok
ein
gong.
(ABM 02.01.14)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar