Sider

onsdag 15. januar 2014

Logikk



Det steig ein måne over fjellet.
Me stod og såg den gule månen du og eg.
Og du var ung av år og ny i livet
og eg var bestefar og likte deg.

Du spurde meg kor mange det var plass til
på månemannen stor og gul.
-Trur du alle dei som bur i dette landet?
-Ja, det trur eg jammen, svarte eg.

For månen smiler og
har plass til mange.

-Men besten, korleis trur du det vil gå med dei
når månemannen minkar ned til halve?
Han hoppa glad avstad til leikebilen.
Han hadde funne dette enkle svar.
Han laga ikkje rom for tvilen.
For han var dette kunnskap rein og klar.

For månen smiler og
har plass til mange. 
(ABM 15.01.14)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar