Det er kaldt
og gufse i
heile landet
melder veret
Etterpå
fortel dei
om
uro, vald
og
drap
frå
fjerne strok
til
noregs land
Alt
dette vonde
og
trasige.
Kva
gjer det
med
meg
i
dag
i
morgon
den
heile tida
Orkar
eg å gle meg
over
den nye våren.
Flyttfuglen
som
snart
sit på
taket
hjå naboen.
Blomane
i bedet
framfor
garasjen
gyldne
blå
som snart
strevar seg opp.
(ABM 24.01.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar