Dei
lange liene og rim på bøen.
Det
ljosnar mot den nye dag.
Det
går ein sti langs den mørke sjøen.
Me vandrar sakte berre me i lag
.
Den mørke vinteren blir så nære.
Eg
minnest deg og du var for meg
den
ljose dagen for meg du kjære
enno
ein gong berre du og eg.
Å
drøyma bort er så lett å gjera.
Det
er til trøyst i ein travel dag.
Det
hjelper litt på den lange ferda.
Me vandrar sakte berre me i lag.
(ABM 27.01.2014)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar