Sider

torsdag 30. januar 2014

Du er meg nære


Syng du min kjære i morgonstund.
Når dagen snur seg og vender imot,
då kvir eg meg enno til  morgongryet
dei store trea bøyer og rotnar på rot
La meg få kvila berre ei stund.

Ver med meg min ven når kvelden kjem.
Når eg går rundt i den svidde skog
og vandrar omkring med attlatne augo.
Slik har det vore sidan du drog
min kjære ven du Dairdre Caislen.

Syng du min kjære i morgonstund.
Ver med meg min ven når kvelden  kjem. 

(ABM 30.01.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar