Sider

mandag 20. januar 2014

Illgjerningsmenn


I historiebøker
som liten gut
las eg om
illgjerningsmenn
eit grufullt ord
handlar om
uskuldige
drept og lemlesta
av illgjerningsmenn
dei hadde rett
til å gjera det sa dei

seinare las eg om
illgjerningsmenn
i bøkene og kvar
dag i avisene

dei som sender
illgjerningsmenn
ut har rett til
å gjera det
seier dei
trua deira gjev
dei rett
ideologien
gjev dei rett
seier dei

ære vere dei
ideologilause
og dei gudlause
dei skin og dei
snakkar og
dei smiler. 

(ABM 20.01.2014) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar