Eg
sit og ser
på
eit bilete
som
er femti år.
Eit
klassebilete.
Eg
var læraren deira
nitten
år gammal.
Øvste rekkja
til venstre.
Knut
sende biletet
til
meg
og
seier at han
no
er nesten
like
gammal
som
eg.
Elevane
er ti til tolv år.
Dei
smiler og
er
glade og mange
har
fargerike
gensarar.
Femti
år er lang tid.
Eg
vonar me smiler
like
blidt
no
som
me gjorde då.
Det
var ljose dagar.
Eg
hugsar dei
med
glede.
Eg
vart
litt
klokare
av
desse gilde
unge
menneska.
(ABM 09.01.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar