Sider

lørdag 11. januar 2014

Når linene går hulter til bulter


Linene går
beint fram
og bortover

Av og til
går linene
hulter til bulter
uendeleg
bortover
med ljos
i alle endar.

Då vert eg redd
for eg veit ikkje
kva veg
eg skal gå.

Alt fer av garde
hulter til bulter.

Mange har det
slik alltid
fortel dei til meg.

Fortel dei til meg
og eg tykkjer
synd i dei.

For eg kan knipa
meg i armen
så beinkar
linene seg ut og
brannane sloknar. 

(ABM 11.01.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar