Sider

fredag 31. januar 2014

Singularis


I dag let eg
orda frå det
inste inni
driva forbi.

Eg let dei
vera i fred
heilt til ordet
singularis
fer framom.

Eg stoggar det
tar det fram
og ser på det
eg lærte det
på skulen
hugsar eg

det flott ordet
singularis
høyr på rytmen.

Det må ha vore
eit skræmeleg ord
noko eg skulle læra
noko eg skulle kunna
noko eg skulle kava med

Men det vart ikkje
eit farleg ord
eg såg noko anna
i det
det storslåtte
det som er og som
alltid har vore.

Når eg sa det
inni meg
beit det seg sjølv
i halen
singularissingularis.

Slik laga eg eit
friminutt
for meg sjølv. 

(ABM 31.01.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar