Sider

mandag 6. januar 2014

For meg er dette ulogisk


Trua mi er betre
enn trua di
sa dei for
to tusen år sidan.
Guden min er
mykje betre enn
guden din
sa dei for
to tusen år sidan..
Guden min er så
mykje betre
enn guden din
at eg vil drepa deg
sa dei for
to tusen år sidan.

Mange seier at
menneska
er blitt klokare
desse to tusen åra.

Menneska har gått
på skule og alt.
Dei har lært å lesa,
rekna, snakka
ulike språk og
lært om den
vide verda.

Likevel seier dei
enno at guden min
er betre
enn guden din.

Og så drep dei
kvarandre. 

(ABM 06.01.2014) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar