Sider

onsdag 22. januar 2014

Filmen stogga ikkje


I går såg eg filmen
om Samuel og
dei andre norske
jødane

reisa til Auschwitz
1942 i november
og det var kaldt

dei var jødar
det var alt

nazistane og andre
nesten nazistar
jaga dei
og pinte dei
og drap dei

skam over alle som
var med på dette

Samuel og fire til
kom heim att
av mange hundre

ikkje fekk dei
heimen sin att
ikkje butikken
dei var skuldige
både skattar
og avgifter
sa styresmaktene

skam over alle som
var med på dette

soga Samuel fortalde
er den same for
mange folk
forfølgde og pinte
berre for di dei er
dei dei er

skam over alle som
forfølgjer og piner
uskuldige

alle himlane er
stengde for dei 

(ABM 22.01.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar