Den
lange dagen
lir
og lakkar
ser
på meg
og
smiler
når
eg pakkar
heile
berget
ned
i veska mi
og
iler
bort
til handa di
og
takkar
for
at også denne dagen
er
me saman
no
når kvelden
blir
til natt.
(ABM 03.01.14)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar