Sider

tirsdag 7. januar 2014

Dommaren kjem ikkje


Auga for auga
og tann for tann
sa dei gamle.
Gjer vel mot dei
som hatar dykk
elsk fiendane dykkar
vend det andre
kinnet til,
sa Jesus.

Ja visst ja

Kanskje no
når me både
kan lesa og skriva
kan me notera
desse orda på
ein lappe og
læra dei utanboks.

Ja visst ja

Eg trur vel
heller det blir
ekstraomgangar
med bomber
og granatar.
Alle med gudane
sine høgt oppe
skyt og bombar
kvarandre.

La visst ja

Eg lurer på kvar
dommaren
har gøymt seg.
Bakom sju
himlar. 

(ABM 07.01.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar