Sider

fredag 17. januar 2014

Å vera langt unna


I forgårs høyrde eg eit foredrag av forfattaren Aage Storm Borchgrevik. Han fortalde om boka si om Anders Behring Breivik. I dag vil eg skriva diktet om denne hendinga som eg skreiv den dagen det hende..
Seinare laga eg eit bilde til dette diktet.


22.07.11

Eg sykla ned frå fjellet
for å snakka i mobil.
Me høyrde rykte om
det vonde.
Alle som var  døde.
Var det hundre?
Eg berre stod.
Med telefonen
i handa.

Lenge

Fjella er like bratte
og fossen durar
like sterkt.
Men set kryss
over tjueandre juli
Set kryss over.
Set kryss over.

Set kryss over
gjerningsmannen
og dei som har
leia han på vegen
og styrka han
 i galskapen.

Etterpå skal
tjueandre juli
leva inne i oss alle.
Brenna og
halda oss vakne. 
(ABM 25.07.11)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar