Sider

søndag 19. januar 2014

Berre ein tanke


I dag møter
eg opp i
slaraffenland
sit der og
tenkjer ingenting
berre dei enklaste
og mest sjølvsagte
tankane når fram.

Kvifor skal me ikkje
stola på kvarandre
ha tillit til
kvarandre
slik det alltid
har vore
for å overleva
i dette karrige
landet.

No lærer me
alle stader
på skulen
og i arbeidet
at alt du gjer
skal målast og
kontrollerast.

Me stolar ikkje
på kvarandre.
Dette lærer me
kvar dag
og lagar eit
kaldare samfunn
utan tillit.

Denne enkle tanken
tenkte eg i dag
i slaraffenland. 

(ABM 19.01.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar