Signalraudt,
sa dei.
Nei,
sa eg
fargen
er djupraud
når
sola går ned
i
havet.
Den
djupraude
i
solnedgangen
gjer
meg roleg og still
ei
stund til
ettertanke
Signalraud
gjer meg
oppspilt
og uroleg
og
signaliserer fare.
Orda
me bruker
gjer
noko med oss.
Pass
på, pass på
Utan
at du veit det
fortel
orda
du
bruker
noko
anna for
dei
andre enn for
deg
sjølv.
(ABM 04.01.2014)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar