I
dag let eg
orda
frå det
inste
inni
driva
forbi.
Eg
let dei
vera
i fred
heilt
til ordet
singularis
fer
framom.
Eg
stoggar det
tar
det fram
og
ser på det
eg
lærte det
på
skulen
hugsar
eg
det
flott ordet
singularis
høyr
på rytmen.
Det
må ha vore
eit
skræmeleg ord
noko
eg skulle læra
noko
eg skulle kunna
noko
eg skulle kava med
Men
det vart ikkje
eit
farleg ord
eg
såg noko anna
i
det
det
storslåtte
det
som er og som
alltid
har vore.
Når
eg sa det
inni
meg
beit
det seg sjølv
i
halen
singularissingularis.
Slik
laga eg eit
friminutt
for
meg sjølv.
(ABM 31.01.2014)



