Sider

tirsdag 17. desember 2013

Vent på meg



 I går regna det heftig og mildt
og vinden blas i lange steg.
I dag er det opplett og stilt
slik skifter det for deg og meg.

For Vestlandet der er det slik
eit skifte utan ende.
Det merkar både krok og krik
at alle ting kan hende.

Men ingen reiser heimefrå
utan å ha djupt inni seg
tunge bølgjer og toppar brå,
det slepper aldri frå deg.

Det dreg deg heim i tide.
Du vil heim for å døy her vest.
Her er det lettare å lide
og samla seg mot siste rest.

(ABM 17.12.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar