Sider

onsdag 4. desember 2013

Det indre universet mitt



Universet mitt
er inni meg
lag på lag.

Eg orkar snart ikkje
å gå inn der
bakom det inste.

Der orda er
forvirrande og
uforståelege.

Det er mitt univers
og eg anar.

Det usagde er der
og fortel
meg noko.

Eg får ta med meg
det også på vegen
og tenkja på det
ynskja eg kunne
forstå.

Men det er vel å
krevja for mykje. 
(ABM 04.12.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar