”og jubelsongen som hist
skal
tone i himmelen,”
song
dei i TV
2.søndag
i advent
no
har me venta
halvveis
alle
strevar på
med
juletre,
presangar,
mat
og pynt
Og jubelsongen som hist
skal tone i himmelen.
Men
så er det mange
som
ikkje balar
med
alt dette
dei
er ikkje
halvveis
no
kanskje
er dei
halvveis
ein
annan
gong
T.d.
i dagsrevyen
fortalde
dei at i Kina
feira
dei at Mao
hadde fødselsdag.
På den himmelske
freds plass
Den unge jenta
bøygde seg og sa:
-Mao er mitt ljos som
skal hjelpa og støtta meg
Og i adventstida syng
me songen:
-Jesus ver mitt ljos i natt.
Du
vakre menneske
sluttar
aldri å
forundra
meg.
Og jubelsongen som hist
skal tone i himmelen.
(ABM 09.12.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar