Sider

lørdag 7. desember 2013

Skulle du tru



Havet snudde seg
lufta var tom
dyra kraup inn
i husa sine
menneska gjorde
ingen ting

Skulle du tru

Når det omvende
hende

Madiba
Nelson Mandela

Han gjorde
det omvende

Skulle du tru

Etter 27 år i fengsel
kom ut og snakka om
fred
forsoning
tilgjeving
toleranse
og glede

Skulle du tru

Kanskje vil heile
verda tenkja seg
om eit øyeblikk
i dag
t.d leggja geværet
ned på bakken

Skulle du tru 
(ABM 07.12.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar