Det
er pussig
korleis
veret skifter
i
dag er det ni
varmegrader
laurdag
gjekk eg på
ski
i fem kuldegrader
Det
er pussig
korleis
alle er enige
dei
kysser kvarandre
på
kinnet ved båra
til
Nelson Mandela
måndag
skyt dei
granatar
og
kastar
bomber
på
kvarandre
Det
er pussig
at det snart er jul
mange er glade og
tenner
ljos
andre
får ein
middag
og så må
dei
ut på gata att
der
møter dei
jenta
med
fyrstikkene
ho
fekk ikkje
koma
inn
Det
er pussig
korleis
tanken
skifter
eg
vil helst tenkja
på lukke og fred
men
heile tida
dukkar
dei
vonde
og
vanskelege
orda opp.
(ABM 12.12.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar