Sider

onsdag 11. desember 2013

det finaste bildet eg veit



når sola skin
gjennom regnet
når fisken vaker
om kvelden
når vinden kviskrar
i lynget
når eg ikkje kjem
på noko finare

er det ingenting
mot bryne mot ljå
når eg står og
ventar med riva mi
ein grytidleg
sommarmorgon
når far min slår graset
og eg rakar.

når nordlyset
blinkar og skin
når solnedgangen
over blikstilt hav
når snøen glitrar
og blinkar

likevel

når eg spør
meg sjølv
kva er det
finaste eg veit

då kjem det
alltid fram
frå det inste

når eg og far min
slår graset og rakar
den grytidlege
sommarmorgonen

eg var ni år
og far min det
tryggaste eg visste. 
(ABM 11.12.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar