Sider

søndag 1. desember 2013

Kvifor sa læraren slike ord


Dativ singularis
trudde eg læraren sa.
Eg såg på han

og gav opp.

Preteritum og pluskvam.

Kvifor sa læraren
desse orda.
og så kjefta han.

Eg ynskte meg langt
bort til strendene,
dei store skogane
og liene.
Der eg kunne
gå meg bort
berre med meg sjølv.

Men så sit eg her
på pulten og
skjønar ikkje orda.

Tenk om eg ein gong
ville skjøna dei.

Skjøna kva eg
kunne bruka dei til
i livet mitt
til dømes.

Lukkeleg lukkeleg 

(ABM 01.12.2013)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar