No
stilnar stormen
sjøen
går enno kvit
og
bølgjene kastar
seg
mot strendene
Skyene
hastar og
strekkjer
seg over
himmelen
grå,
lilla og
gylne
i kantane
Stormen
var heilt
halabarisk
ordet
dukkar
berre
opp inni meg.
eg
må ha høyrt
det
før
ein
halabarisk storm
me
møter ord
heile
livet
me
forstår og
ikkje
forstår
orda
formar oss
og
fortel kven me er
alle
møter sine ord
eg
møter mine
du
møter dine
og
andre møter
heilt
andre ord
me
tenkjer ulikt
og
me kan ikkje
hjelpa
for det
men
likevel kastar
me
bomber og granatar
på
kvarandre
når
det høver slik.
(ABM 25.12.2013)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar