Sider

søndag 15. desember 2013

Madiba, smil til oss ein gong til




Skulder ved skulder
stod dei ved grava
og såg på den
kvite fuglen

Dei stod dørgande
stille
fuglen sat urørleg
på greina si

Det var smilet
sa dei
det uendelege
som famna alle

Og så song dei
den lange tonen
med liding
og sorg i seg

Tonen bar ut over
dei vide slake
slettene

Den kvite fuglen
sat urørleg på
greina si
då dei gjekk. 
(ABM 15.12.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar