Sider

søndag 8. desember 2013

Å lura seg sjølv i november


I går snøa det
og i dag smeltar
snøen
og det vert
mørk november.

Eg lurar meg sjølv

Eg filmar snøen
den kvite og lyse
som fell og legg
seg på marka
 og på trea.

Så sit eg inne
og ser snøveret
på video.

Snøen lyser i
mørket

Og der sit eg til
våren kjem.

Eg lurar meg sjølv.
Med glede.
 (ABM  08.12.2013).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar