Sider

lørdag 14. desember 2013

Lucia-tog og julekonsert


14.12.2013

I dag skriv eg to dikt.  I går 13.desember hadde eg to opplevingar som eg har skrive om. Klokka 0800 om morgonen var me og såg på Lucia-tog i Sævarhagen barnehage saman med Emira, eit barnebarn som går der. Klokka 1900 var me på julekonsert i Haus kyrkje på Osterøy. Eg voks opp i paktarhuset på prestegarden frå eg var 5 år til eg var 13 år. Kyrkja låg 100 m rett bortom prestegarden på vegen bort til Haus. 

Lucia-dagen kl 8

Lysfest i barnehagen
tidleg om morgonen
Små barn i kvite
klede og lys
i hendene
i rekkje og rad

så song dei for oss
om Jesu kome
og delte ut
varme bollar

Ein liten gut som
eg ikkje kjende
gav meg eit bilde
og heldt meg
i handa då me
venta på
Luciatoget
kanskje han kjende
seg litt tryggare då

han tenkte
sikkert ikkje på
at han gjorde meg
litt gladare. 

(ABM 14.12.2013)


Julekonsert i Haus kyrkje

Eg sit i kyrkja mi
frå barndommen

Heimanfrå paktarhuset
forbi prestebustaden
over den gamle
steinbrua
til kyrkja

Der leika me
hjelpte klokkaren
gjekk på søndagsskule
og til gudsteneste
kvar einaste julaftan

Kyrkja den same
fargane
preikestolen
og altertavla

Dei spelte og song
advent og jul og
to julesongar
av mor mi

Eg sat der med berre
gode ord
endåtil det inste
i meg sjølv
heldt fred og ro 
(ABM 14.12.13)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar