Frå
det indre
i
meg sjølv
er
det ei verd
eg
ikkje kjenner
den
uutgrunnelege
verda
der
gøymer eg
det
eg ikkje
skjønar
I
dikta mine
dukkar
ord
fram
att frå den
uutgrunnelege
verda
Då
kan eg
tenkja
litt på dei
I
dag skjønar
eg
ikkje
sjølvmordsbombaren
i
Volgograd
eller
Simeon
den
heilage som
sat
på den høge
søyla
si i 30 år
Eg
lurer av og til
på
om det er
noko
frå det
indre
av dei sjølve
som
styrer
handlingane
deira
Nei,
no får eg
stengja
den
uutgrunnelege
verda
mi
for
no vart
eg
redd
(ABM 30.12.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar