Sider

mandag 2. desember 2013

Sjakk matt eller matt sjakk


Det gamle persiske
ordet shah mat
tyder
Kongen er
overvunnen.

Sjakk matt

Alt er tapt
det er ingen veg ut.

Den kjensla
ingen veg ut

Sjakk matt

Set du deg ned
og ventar på
neste parti
eller satsar du på
det umoglege.

Eg trur eg snur
meg rundt
og smiler
så finn eg meg eit
enklare spel
der eg aldri blir heilt
overvunnen
men alltid ein veg ut
med god fantasi
og eit smil. 

(ABM 02.12.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar