Sider

torsdag 5. desember 2013

Barnelærdom




Det høver seg ikkje
sa dei
me gjer ikkje slik
hjå oss
sa dei

Om att og om att
til dess eg trudde
på det.

Litt etter litt
oppdaga eg
verda og dei andre.

Då gjekk eg
ut i gata.

Eg stod der
utan huve
i den bitande
kulden. 
(ABM 05.12.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar