Sider

tirsdag 31. desember 2013

Draumen lever



Når du har
stått langt inne i
fjellheimen
i nord i 40
kuldegrader
og nordlyset
strøymer over
himmelen
då kjenner du
deg liten og
audmjuk.

Når du har
stått med det
ørsmå barnet
i armane dine
då kjenner du
deg liten og
audmjuk.

Når du ligg
med båten din
på fjorden og
sola stig fram
bakom fjella
då kjenner du
deg liten og
audmjuk.

Eg ynskjer at eg
i det Herrens år 2014
opplever noko
som gjer at eg
kjenner meg
liten og
audmjuk. 
(ABM 31.12.2013)

mandag 30. desember 2013

Det uutgrunnelege


Frå det indre
i meg sjølv
er det ei verd
eg ikkje kjenner
den uutgrunnelege
verda
der gøymer eg
det eg ikkje
skjønar

I dikta mine
dukkar ord
fram att frå den
uutgrunnelege
verda

Då kan eg
tenkja litt på dei

I dag skjønar
eg ikkje
sjølvmordsbombaren
i Volgograd
eller Simeon
den heilage som
sat på den høge
søyla si i 30 år

Eg lurer av og til
på om det er
noko frå det
indre av dei sjølve
som styrer
handlingane deira

Nei, no får eg
stengja den
uutgrunnelege
verda mi
for no vart
eg redd

(ABM 30.12.2013)

søndag 29. desember 2013

Nyårsynskje


Nyårsynskje i år
-det beste du får-
er av så ulike slag
for å gje deg
den gode dag.

Det beste du får
-frå rike eller ringe kår-
er hjartevarme
gode ord.
Du føler deg
glad og stor.

likevel

Det beste ynskje blir
at me sjølve godord gir
til kjende og ukjende
på vår veg

-Kor kjekt det er å treffa deg. 

(ABM 29.12.2013)

lørdag 28. desember 2013

Gode ord for deg og meg


Eg legg merke til
at eg i jula
har skrive om
kontrastar.
Dette er ikkje
det beste eg vil
men føler
at det hastar.

I dag vil eg likevel
skriva om det
som er godt
når vinden bles
om nova.
Me sit inne
i julestova
med presangane
me har fått. 

(ABM 28.12.2013)

fredag 27. desember 2013

Dagane går sannsynlegvis



Sannsynlegvis regnar
det i dag
sannsynlegvis ropar
fuglen din på deg
sannsynlegvis er du
frisk og rask
sannsynlegvis et du
julemat god og mett

Minst like sannsynlegvis
svelt du og
lir vondt
sannsynlegvis regnar
det gjennom taket
og du høyrer
bomber og granatar

Minst like sannsynlegvis
feirar du ikkje jul
sannsynlegvis har du
ingenting å feira

Kven i den vide verda
og i det uendelege
himmelrommet
delte det
vidunderlege på
denne måten

Sannsynlegvis må me
ropa mykje høgare
dersom me
ynskjer svar.
 (ABM 27.12.2013)

torsdag 26. desember 2013

2.juledag 2013


-Sal hesten din gringo
me skyt etter
deg når du rir
treffer me deg
er du dø
treffer me ikkje
er du fri,
sa dei i filmen

Det var 2.julrdag
i grensebyen i
Mexico i
den lovlause tida.

Slik er det også
hjå oss men
me sender dei
med fly

-Treffer dei deg når
du kjem fram
er du dø
treffer dei deg ikkje
er du fri.

2.juledags moro
i kongeriket. 
(ABM 26.12.2013)

onsdag 25. desember 2013

Første juledag 2013




No stilnar stormen
sjøen går enno kvit
og bølgjene kastar
seg mot strendene

Skyene hastar og
strekkjer seg over
himmelen
grå, lilla og
gylne i kantane

Stormen var heilt
halabarisk
ordet dukkar
berre opp inni meg.
eg må ha høyrt
det før

ein halabarisk storm

me møter ord
heile livet
me forstår og
ikkje forstår
orda formar oss
og fortel kven me er

alle møter sine ord
eg møter mine
du møter dine
og andre møter
heilt andre ord

me tenkjer ulikt
og me kan ikkje
hjelpa for det

men likevel kastar
me bomber og granatar
på kvarandre
når det høver slik.
(ABM 25.12.2013)

tirsdag 24. desember 2013

Julenatta


-Lat att døra
kjære deg.
Lysa blafrar
og bles ut.

-Eg tykte eg
såg noko
som ville inn.

-Det er ingen
som er ute
i den svarte
julenatta
kjære deg.

-Dei er ute
dei som ikkje
får husrom
julenatta
kjære deg.

Dei bur ute
eller kanskje
i ein stall
eller kanskje
sit dei i snøen
og tenner
fyrstikkene sine.

Kjære deg 

(ABM 24.12.2013)

mandag 23. desember 2013

travle tider


mat og presangar
kanskje juletre
alt som det ikkje
har vore tid
til før

hastar rundt
hektisk og travelt

slik er jula
for dei som har
jul å feira

dei som
slit og strevar
og er åleine
for seg sjølv

kva gjer dei denne
litle dagen før jul

kanskje er det
ingen som veit
og det er det
verste av alt. 

(ABM 23.12.2013)

søndag 22. desember 2013

Den nye våren


Snart kjem fuglane att
i treet sitt.
Sola snur og
ljoset stig over fjella.

Eg gler meg over
fargane over
himmelen i
morgonstunda.

Langt bortanfor
dei bratte fjella
og alle øyane
er det skarpe ljoset
som løfter meg
og gjev meg
krefter til
å stå ut tida
enno ein gong. 

(ABM 22.12.2013)


lørdag 21. desember 2013

Det vert jul i år også


No nærmar jula seg
til dei som feirar ho

Det smell og knitrar
frå gevær ein stad

Ho kjem herned til deg
med etterlengta ro

Det smell og knitrar
frå gevær ein stad

Livet er så ujamt
på denne gode jord

Det smell og knitrar
frå gevær ein stad

For dei som har det stramt
og dei ved rike bord

Det smell og knitrar
frå gevær ein stad

Du kjøper din presang
Dei bombar nedi Syria

Det smell og knitrar
frå gevær ein stad

Du går kring juletre
med lystig sang
Dei drep kvarandre
nedi Sør-Sudan

Slik er meldingar i media
på denne Herrens dag

du sit og puslar på med ditt
eg gler meg trass i alt
over livet mitt

Og jula nærmar seg
så lett så lett
no syng og gler me oss
det tykkjer eg er rett. 

(ABM 21.12.2013)

fredag 20. desember 2013

i skuggen av ei historie


langt der borte
i ørkenen
fann dei ein hjelm

kamelane og
kameldrivarane
hadde gått forbi
i nesten tusen år

hjelmen var laga
i Noreg sa
arkeologane

på Vestlandet
sa dei av
ein eller annan grunn

eg sit her og lurer
på kva historie
eg aldri får vita
t.d.
kva han heitte
kvar han kom frå
kva gjorde han
før og etterpå

slike enkle spørsmål

spør meg så kan me
saman dikta litt om det 

(ABM 20.12.2013)

torsdag 19. desember 2013

Den gamle historia



Snart er den
lengste mørke dagen.
me tenner ljos
skund deg
skund deg
mørketida må
slutta no

Og så sluttar ho
Av seg sjølv

Og så kjem ho att
Av seg sjølv

Då tenner me
igjen ljos
skund deg
skund deg
mørketida må
slutta no 

(ABM 19.12.2013)