Sider

torsdag 3. april 2014

Tonen og rytmen


I vår vil eg prøva
å finna tonen
og rytmen  
i havet
langs strendene
i ljoset
i skjergarden
her vest.

Eg vil skriva det
i ord og vendingar
dei solljose dagane
dei bråe skifta
vinden som uler
og bylgjene slår.

Det er vel ein
tone å finna
særeigen
kjenneleg
mjuk og brå
i same kastet
vill og yr.

Eg voks opp ved
kysten og
kjenner det att.


(ABM 03.04.2014)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar