Sider

tirsdag 15. april 2014

Skituren


11.04.2014

Skituren

I år har det
vore lite snø.
Endåtil på
Kvamskogen
er dalen og nedste
delen av liene
snøfrie.
Men oppi
dalsidene
og oppi dei høge
fjella ligg snøen
ljos og kvit.

I dag tidleg sa eg
til ryggen min:
-Eg skal på ski same
kva du seier.

Først til fots
oppover i lia.
Så på ski opp
fjellet og
dei slake liene
og innover og
innover til dess
det berre er det
snøkvite og eg.

I skiftande ver,
snøbyger
og skinande sol.

Alt i meg legg
seg til ro og
stoggar.

Eg berre går og går
inni dette
skinande ljoset.
Eg kjenner den
heite elden og den
 underlege stilla
inne i meg.


(ABM  11.04.2014)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar