Sider

onsdag 2. april 2014

2.april i dag


Den nye våren startar opp i dag.
Vidunderlege ljos på himmelen.
Måsane har slått seg to i lag
i måseberget midt i vrimmelen.

Den nye våren briskar opp i sky.
Sjøen blenkjer seg så vårleg blått.
Det klare ljoset gjer meg frisk og ny
og om kvelden vrimlar våryr knott. 

(ABM 02.04.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar