Sider

tirsdag 8. april 2014

Det var eiin gong - er slutt no


I dag skal eg fortelja ei lita historie. For nokre år sidan møtte eg ein eldre mann. Han var meir enn 80 år, sa han. Som ung hadde han reist til Amerika, fortalde han. Han hadde vore der heile livet, men kvar einaste dag tenkte på det karrige landskapet han kom frå. Det karrige landskapet, sa han. For han var det eit uttrykk som dekka. Men no hadde han flytta heim att, sa han, og "her vil eg vera til eg døyr".

Med bakgrunn i denne hendinga skreiv eg eit dikt og malte eit bilde.

.Dra gardinene for
når du går.

No er eg
ferdig med det
gamle karrige landet.

Og landet
bakom det strålande
lyset
fann eg aldri.

Eg trur eg får klara
meg
med det eg har
inntil vidare.

Men draumane
vil ikkje sleppa
taket i meg.



(ABM 15.02.08)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar