Sider

torsdag 17. april 2014

det gode ordet


15.04.2014

det gode ordet

i dag skin sola
og eg 
ynskjer meg
til fjerne land
i alle fall
langt inn i 
fjellheimen
der eg vil
setja meg
på ein stein
og gjera ingen 
ting

kanskje vil
eg tenkja på
eit ord eg ikkje
har tenkt på 
lenge
til dømes
vedstabel
var trygg og god
eg visste
som liten gut
at all veden
skulle varma
oss når
det vart kaldt
(ABM 15.04.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar