Sider

lørdag 5. april 2014

Det roar meg


Tonen frå stranda og bylgjene blå
syng meg til ro og velsigning
lyfter meg opp når dagen er grå
gjev meg eit skifte å tenkja på.

Det roar i sinnet og tanken då
gjev meg ei roleg og fredeleg natt
eg sovnar til tonen frå bylgjene blå
og vaknar når dagen kjem att.

Slik får eg ein rytme i sinnet mitt
når dagane stormar som verst
eg veit at uveret stilnar om litt
berre eg toler den sterkaste blest.
Den eine blinken skin sola som best
den neste skifter til til regn ifrå vest.
Slik er den vestlandske norm.
Velkommen den neste storm.

Kanskje passar det ikkje å dikta på rim.
Det er slik ei fastlåst form.
Eg trur eg heller lar rytmane rå
og lar orda finna seg sjølv
som vekslande bylgjer mot strendene
og skiftande vindar mot berga grå. 

(ABM 05.04.2014) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar