13.04.14
Det
er berre slik
I
dag bles det
og
regnar
og
sluddar
på
Kvamskogen.
Toppane
ligg
gøymde
i skodde
og
snøver
og
fjella
mot
Kvitingen
er
inni der
ein
stad.
I
morgon
kan
henda
ligg
fjella
blendande
kvite
og ljose
og
blenkjer i
skiraste
skin.
Det
er berre slik.
Den
eine dagen
mørk
og grå
den neste
ljos og smil.
Dette
vil eg
tenkja
på
i
dag den
13.
april.
(ABM 1304.2014).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar