Sider

tirsdag 15. april 2014

9.april


Eg har hatt trøbbel med datamaskina nokre dagar så no må eg leggja inn dikta frå 9.april til 15.april.

9.april 
Ein dag mellom mange.
Men også spesiell.
Av og til tenkjer eg:
Kor mange var
det som eigentleg
ville angripa Noreg.
Kor mange var
det eigentleg som hadde
lyst til å starta
2. verdskrigen.
Du som var mor
hadde du lyst
du som var far
du som var skuleelev
du som var student
du som var snikkar
du som var servitør
du som var lærar
du som var professor
du som var bonde
du som var sjåfør
du som var smed
du som var politi
du som var tømrar.

Alle måtte vera med.
Men hadde dei eigentleg
lyst
når dei tenkte seg om.

Dei som krigen
gjekk ut over
fekk ikkje tenkja
seg om.
Me tenkjer på deg
kjære deg.


(ABM 09.04.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar