Eg veit at eg har tonen og rytmen inni meg. Spørsmålet er å setja ord på det. Eg har prøvd å finna det ut lenge. Nedanfor tar eg med to dikt frå tidlegare som viser dette:
Vestlendingen
Vestlendingen er i meg alle stader, også
i draumane mine, og i
mareritta som slit.
Dei bratte fjella.
Dei små husa og
det store havet.
Dei mørke maktene, og så
det tindrande lyset ein stad.
Ingen
slapp velber4ga ut, for
du ber alt med deg, og
det slit i deg.
(ABM 01.12.04)
Fjøresteinane,
det vide havet og
den lange fjorden
Eg
fanga krabbar, ålar og småfisk
i
fjøresteinane.
Eg
bada frå berget
og
fiska store fiskar
med
agn eller møresild.
Om
sommaren rodde
onkel
Leif og eg ut på
det
store havet.
Han
lærte meg å fiska
endå
større fiskar.
Etterpå
har det alltid
vore
havet,
det
vide havet og
den
lange fjorden.
Eg
hugsar alle
båtane
mine,
utsikta
frå stoveglaset
og
bilda
eg
malar.
Eg
hugsar vinden,
sola
og bølgjene.
Dei
seier til meg:
Du
må slutta å tenkja
på
havet,
seier
dei.
Ja
vel, eg får vel det då.
Og
så malar eg fjellet i staden.
(ABM 27.03.08)
.jpg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar