barnelærdom
me
lærte det
på
skulen
i
kyrkja
ord
eg ikkje
forsto
oppstoda
og livet
eg
vart eldre
men
orda var like
uforståelege
dei
sa
-du
må tru så hardt
at
du trur du forstår
du
må tru så hardt
at
du gjer alt
me
ber deg om
seinare
har eg lært
at
dette er
viktige
ord
i alle truer
du må tru så hardt
at
du gjer det
me
ber deg om
endåtil
når me
ber
deg gå
lidingsvegen
vegen
til
himmelen
(ABM 19.04.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar