Hamre
kyrkje
frå
1600
kyrkjestad
frå
1100
mange
generasjonar
i
går vitja eg
gravene
til nokre
av
forfedrane mine
ein
ljos og stille
første
påskedag
og
eg tenkte på
nyårsafta
i året
1900
etter
midnattsmessa
markerte
skifte til
eit
nytt hundreår
folket
gjekk i
robåtane
sine
for
å fara heim
vågen
full av båtar
i
ein båt stemnde
dei
opp
-vår
gud han er
so
fast ei borg
alle
song med
og
salmen tona
under
den vide
himmelen
ei
mektig hending
ho
lever på
folkemunne så lenge
(ABM 20.04.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar