GalleriABM
Sider
Start
onsdag 30. april 2014
Dei tunge stundene kan delast på så mange måtar
Skriv til meg
når du er motlaus.
Når dagane dine er tunge.
Fortel meg kva
du tenkjer på
i det inste
av deg sjølv.
Så kan eg lesa
brevet ditt
og fella tårene dine
(ABM 1983)
tirsdag 29. april 2014
Tanken er tom
Ei stund sidan
eg har malt
bilde.
Eg kjem ikkje
i gang.
No er også
tanken tom.
Det eg skriv
gjev meg
ingen ting.
Å gå inn
i det inste
i meg sjølv
er tungt
og slitsomt.
Det har vore
slik før også.
Men trongen
til å dikta
og mala
dukkar fram att.
Til dess hentar
eg dikt frå
arkviet mitt.
(ABM 29.04.2014)
mandag 28. april 2014
Å ha det travelt
I dag har eg hatt
det så travelt
at tankane
mine har sovna
og hovudet
mitt er tomt.
Då går eg inn
til det inste
i meg sjølv
og spør:
-Kva har du
til meg i dag?
-La vinden blåsa
kvar han vil,
sa det inste
-Er det rett?
sa eg.
-Ja, det ser
slik ut.
Berre sjå deg
rundt i verda,
sa det inste
i meg sjølv.
(ABM 28.04.2014)
lørdag 26. april 2014
Ei tilfeldig hending i livet
Eg følgde
harespor i går.
Haren tok
til venstre
og eg følgde
kvistane.
Hardangervidda
på ski.
I strålande sol,
skinande
snø og
blendande
ljos.
VM-smurning
ski og
stavar.
Langt ifrå
min kjære
fjord.
Men likevel
ein sjeldan gong.
Blikkstill vidde
nykvit snø
og gråe berg
I teatersalen før
dei stemmer i
dei stemmer i
det mektigaste kor.
(ABM 26.04.2014)
fredag 25. april 2014
Å tenkja seg om
Å tenkja sakte
er ein god vane.
Pytagoras
tenkte sakte.
Han tenkte ut
noko som sikkert
har vore nyttig
for mange.
Å tenkja fort
er ei øving i å
tenkja på seg sjølv.
Etterpå er det
tomt etter dei.
(ABM 26.04.2014)
maskeball
om morgonen
tar eg
maska mi på
og går ut i det
skinande
mørke ljos
på skalldyr-
marknaden
handlar eg
alt det eg treng
så går eg heim
og tar av meg
maska
ei lita forunderleg
stund
etterpå trekkjer eg
silkehanskane på
og rivnar
maska sund.
(ABM 25.04.2014)
torsdag 24. april 2014
Ei kald skulder
-Eg gjev deg
ei kald skulder,
sa ho,
og kastar deg
ut i kulden.
Det er vel det
verste som
kan skje.
Ei kald skulder
ute i kulden.
Der frys eg
og tennene
klaprar.
Tenk om ho
hadde sagt:
-Eg gjev deg
ei varm skulder
og kastar deg
ut i varmen.
Det hadde vel
vore flott.
Men kanskje
ikkje så flott
om eg budde
i Saharaørkenen.
(ABM 24.04.2014)
onsdag 23. april 2014
symjeturen
i dag tar eg
våtdrakta på
symjeføter
snorkel og maske
så sym eg langs
berga og
ser på det
yrande livet
nedi sjøen.
kvar plante
kvart dyr og
kvar fisk
har alt dei
treng for å
livberga seg
i det kalde
vatnet.
(ABM 23.04.2014)
tirsdag 22. april 2014
Sommarvarme i april
Det er kanskje
ikkje så lurt
likevel med
sommarvarme
i april.
Tenk om det kjem
to frostnetter
i mai.
To skikkeleg
kalde.
Slik tenkjer eg.
Skjer det noko
godt
reknar eg
automatisk
med at eg blir
straffa for det.
Ulukker vil skje
og vonde ting
vil henda.
Lurer på om
det er råd
å slutta å tenkja
slik.
Berre seia
-No har me det
godt, kjære.
(ABM 22.04.2014)
Pust i bakken
21.04.14
Pust i bakken
-Me tar ein
pust i bakken,
sa dei
når øktene
blei lange.
Dei arbeidde
jamt og trutt.
-Me tar ein
pust i bakken.
Dei måtte gå
lenge for å nå
fram.
-Me tar ein
pust i bakken.
Dei kvilte
og snakka
saman.
No seier ingen
-Me tar ein
pust i bakken.
Alle har travelt
og hastar
i veg.
Det er ikkje
stunder til å ta
ein pust i bakken.
(ABM 21.04.2014)
søndag 20. april 2014
Hamre kyrkje. Nyårsnatta 1900
Hamre kyrkje
frå 1600
kyrkjestad
frå 1100
mange
generasjonar
i går vitja eg
gravene til nokre
av forfedrane mine
ein ljos og stille
første påskedag
og eg tenkte på
nyårsafta i året
1900
etter midnattsmessa
markerte skifte til
eit nytt hundreår
folket gjekk i
robåtane sine
for å fara heim
vågen full av båtar
i ein båt stemnde
dei opp
-vår gud han er
so fast ei borg
alle song med
og salmen tona
under den vide
himmelen
ei mektig hending
ho lever på
folkemunne så lenge
(ABM 20.04.2014)
lørdag 19. april 2014
oppstoda, livet og den første påskedag
barnelærdom
me lærte det
på skulen
i kyrkja
ord eg ikkje
forsto
oppstoda og livet
eg vart eldre
men orda var like
uforståelege
dei sa
-du må tru så hardt
at du trur du forstår
du må tru så hardt
at du gjer alt
me ber deg om
seinare har eg lært
at dette er
viktige ord
i alle truer
du må tru så hardt
at du gjer det
me ber deg om
endåtil når me
ber deg gå
lidingsvegen
vegen til
himmelen
(ABM 19.04.2014)
fredag 18. april 2014
Vindebrua
Borger og byar
hadde vindebru.
Når fienden kom,
heiste dei opp
vindebrua og
stengde seg inne.
Eg spurde:
-Korleis går det
med deg?
Han såg på meg.
heiste opp
vindebrua
og sa ingen ting.
Eg heiste opp
vindebrua
og for inn til
det inste i
meg sjølv
og ville finna
forklaring.
Det fann eg ikkje.
Då firte eg
vindebrua,
gjekk ut,
smilte og sa:
-No er eg
her igjen.
(ABM 18.04.2014)
torsdag 17. april 2014
Minnedag
Denne tidlege
morgonen
er verda ung og ny.
Sola skin på
fjella over fjorden
slik som då
eg var liten gut.
Desse tidlege
sommardagane
med far min
og mjølka kyrne.
Sola skein på
fjella over fjorden.
eg var sju år.
på same staden
sit eg no
og diktar meg
tilbake
eg fyller sytti år
i sommar
og det var ein slik
grytidleg
sommarmorgon
det ljose solskinet
kyrne som
ruggar hovudet sitt
mot meg
far min sit og
mjølkar
og eg er heilt trygg.
Det er noko
alle desse åra
imellom
eg ikkje får tak i.
Eg skal leita
etter det.
(ABM 17.04.2014)
Ein merkverdig dag
16.04.14
Ein merkverdig dag
Det er
merkverdig
at fuglen min
kjem att
år etter år.
No sit han
i treet sitt
slik han alltid plar
gjera
når han kjem.
Om litt
kjem ein fugl til
og så ordnar
dei reiret sitt
under mønet
på uthuset.
Eg tenkjer på
kor langt han
har floge
for å koma heim.
Eller kanskje
er det om hausten
han flyg heim.
Då er han på
ferie her
og ser glad ut.
(ABM 16.04.2014
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Kommentarer (Atom)