Sider

mandag 18. november 2013

Universet




Eg såg eit program
om universet
stjerne på stjerne
uendeleg uendeleg
lysår borte.

Eg tømde hjernen
min for ord og bilde
men det kom nye
ord og bilde
bakom og bakom
uendeleg.

Til slutt gav eg opp
då kom dette
diktet opp
sakte sakte
frå det indre
universet mitt. 
(ABM 18.11.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar