Sider

mandag 11. november 2013

Dei gyldne orda



Eg reiste over
havgapet
i storm

blåsvart hav
og mørke skyer
det bårete havet
kvittoppa bølgjer
brottsjø
i kavet

og så ein
annan gong

det smule
farvatnet og
den stille fjorden
det fløyelsemjuke
mørket
når eg ligg med
båten min
innmed berga
og det vidunderlege
lyset ute på sjøen
utom landskuggen

eg lever i alle
desse gyldne orda
eg veit kva dei
tyder
og eg opplever
dei inne i meg

kystfolket lever
i meg
 i alle tider

(ABM  11.11.2013) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar